Gudmund Løvøs bilde

Gudmund Løvø

Kommunikasjonsrådgiver
Telefon: 99091742

På Rallarvegen frå Finse til Flåm

Klevabrui er bygd opp av grunnsfjellsgranitt, og rekna som eit av dei finaste ingeniør- og steinarbeida tidleg på 1900-talet. Foto: Cathrine Loraas Møystad
Eg sykla Rallarvegen i sommar – og angrar ikkje! Den over 100 år gamle anleggsvegen frå høgfjell til fjord gir flotte naturopplevingar med mykje geologi.

Toget på Bergensbana rulla roleg inn på Finse stasjon ein varm ettermiddag tidleg i juli. Finse stasjon ligg 1220 meter over havet, høgst av alle stasjonane på jernbanenettet i Noreg. Halvannan times fjellvandring og du når Hardangerjøkulen, Noregs sjette største isbre, med daglege guida turar til det dramatiske brefallet Blåisen.

Eg og min kjæraste hadde god tid, men vi gjekk ikkje dit. Vi sjekka inn på Hotell Finse 1222, og avtalte å sende bagasjen til Flåm neste dag. Vi var klare for Rallarvegen, vegen som vart anlagt i samband med bygginga av Bergensbana ved førre hundreårskifte. Vi hadde sett vegen og ivrige syklistar allereie frå togvindauget. Den ligg langs jernbanesporet og dreg seg frå Haugastøl, forbi Finse, snor seg opp og ned mot Hallingskeid og inn til Myrdal stasjon, før den stupar bratt ned Flåmsdalen med 21 hårnålssvingar og slyngar seg langs Flåmselvi fram mot Flåm.

Sand og snø

Morgonen etter leigde vi sykkel. Dagen var mild og tørr då vi byrja turen over fjellet i grenselandet mellom Hordaland og Sogn og Fjordane. Vi følgde spora etter rallarane, rett nok motsett veg, ettersom dei starta vegarbeidet nede i Flåmsdalen med 200 mann i 1894. Då dei kom opp på fjellet sette dei inn heile 700 mann for å få vegen ferdig heilt til Haugastøl i 1902. Bergensbana vart opna i 1909.

På veg oppover mot Rallarvegens høgaste punkt, Fagernut, 1343 meter over havet.
Over fjellet frå Finse til Hallingskeid.
På høgfjellet kan snøen ligge lenge utover sommaren.

Vi sykla nokre stader på ein god grusveg, andre plasser gjennom sand. Fleire stader var det pukk og rullestein i vegbana. Eg heldt meg i balanse, og klamra meg til styret og eit godt grep om bremsane. Ikkje alle somrane er heile vegen snøfri. Sjølv stabba vi oss over tre små snøfonner som låg att i sykkelstien etter den lange vinteren.

Finse ligg i Ulvik kommune i Hordaland, og Flåm i Aurdal kommune i Sogn og Fjordane, innerst i den djupe og tronge Aurlandsfjorden. Frå Haugastøl er det åtte mil til Flåm, frå Finse er strekninga berekna til 55 kilometer, ein fin dagstur på sykkel. Vegen er i dag ein av Noregs mest populære sykkelvegar, over 20 000 syklistar finn vegen kvart år.

Vi sykla gjennom variert og storslått terreng. Vegen er eit eineståande og imponerande minnesmerke over ei utbygging som skjedde med enkle middel og rein handkraft. Rallarvegen vart opna som sykkelveg i 1974,

Gneis og granitt

På strekninga frå Hallingskeid langs Moldådalen, via Vatnahalsen til Myrdal stasjon, sykla vi på ekte norsk grunnfjell med bergartar som gneis og granitt. Nokre stader er det mykje av den leirhaldege og næringsrike bergarten fyllitt, restar etter den kaledonske fjellkjedefoldinga for over 400 millionar år sidan. Her er det også ei rad nyare geologiske formasjonar, mellom anna frå siste istid, som eskerar, flyttblokker, breelvsletter, jettegryter - og gjel.

- No kjem du til den mest dramatiske delen av sykkelturen, sa Petter då vi passerte ham på toppen av Klevagjelet. Petter var servitør på Finse 1222 og brukte ein av fridagane sine på å sykle til Flåm. No åt han matpakka si før han tok fatt på den siste halvdelen av turen.

Før vi køyrde ned det bratte og usikra Klevagjelet, passerte vi Klevabrui, bygd opp av grunnsfjellsgranitt i perioden 1902 til 1906, og rekna som eit av dei finaste ingeniør- og steinarbeida tidleg i førre hundreår.

Spanande og vakkert å sykla ned Klevagjelet.

Klevagjelet er ein elvedal i bergarten fyllitt. Fyllitten er mjuk og forvitrar lett. Han gjev ei varm, næringsrik mineraljord og er grobotn for ein rik flora langs gjelet. Eit elvegjel er ei trong bergkløft med bratte dalsider skore ut i fast fjell. Elva går i stryk og fyller heile botnen av gjelet. Køyrer du utfor her er det slutt. Vi gjekk av sykkelen i nokre av svingane i bakken.

Skred og flaum

På Myrdal hadde vi nådd fram til Flåmsdalen, ein imponerande vestlandsdal med Nord-Europas brattaste jernbane, Flåmsbana ned til Flåm. Den er 20 kilometer lang, har 20 tunellar og ein høgdeskilnad på 865 meter. Kvar sommar reiser det fleire hundre tusen turistar med bana, og til Flåm kjem det årleg over 150 cruisebåtar med turistar som opplever ei reise med denne bana.

Myrdal stasjon oppe til venstre. Så går det nedover gjennom 21 hårnålssvingar.
Ta plass, lukk dørene! I Flåm er Flåmsbana alltid klar til avgang.

Vi tok syklane fatt og kasta oss utfor dei bratte bakkane frå Myrdal, langs elvar, fossar og stryk, med merke etter både skredhendingar og flaum. I varm sol frå blå himmel trilla vi særs nøgde inn i den vesle bygda Flåm.

400 innbyggjarar huser 600 sesongarbeidarar som tar hand om den store straumen av turistar. Mellom anna oss.

Kjelde: NGU-publikasjonen Gråsteinen 11: Rallarvegen – geologi og landformer. Inge Aarseth, Theis Braanaas og Helge Henriksen, 2006. Redaktør: Rolv Dahl.

Kartet viser kva slags berggrunn vi sykla gjennom på vegen frå Finse til Flåm.