Anders Romundsets bilde

Anders Romundset

Forsker
Telefon: 73904403

Ny E18 gav ny geologisk kunnskap

Nye E18 mellom Tvedestrand og Arendal opna tidleg i juli 2019. Foto: Nye Veier
Ved store, arealkrevjande utbyggingsprosjekt i Norge, er det lovpålagt å gjennomføre arkeologiske undersøkingar i forkant. Dette for å kartleggje menneskets historie og bruk av området, før spora blir borte for all ettertid.
Cover av boka Kystens steinalder i Aust-Agder.
Framsida til den nær 600 siders tjukke boka som
dokumenterer alle funn i arbeidet – arkeologiske
som geologiske. Boka finst også digitalt på nettet.

Mykje ressursar blir lagt ned i slik viktig kunnskapsinnsamling, og i somme prosjekt kan også noko av midlane gå til å dokumentere naturhistoria – den geologiske utviklinga sidan siste istid.

Nyleg vart den nye, 22 km lange firefelts motorvegen mellom Tvedestrand og Arendal opna for vanleg trafikk. Parallelt med vegutbygginga sidan 2015 vart det gjort omfattande arkeologiske og geologiske undersøkingar i området. Det var Kulturhistorisk museum i Oslo som granska den arkeologiske historia til området, medan vi frå NGU var involvert for å dokumentere spor etter istida og den etterfylgjande landhevinga.

Dette er viktig norsk naturhistorie, særleg landhevinga er heilt sentral for å forstå dei landskapsendringane som har skjedd medan menneske har levd og lagt att spor etter aktiviteten sin langs sørlandskysten.

Resultata vart nyleg publisert i form av ei tjukk bok som ligg fritt tilgjengeleg på nettet. Her er dei geologiske resultata presentert i kortform i to ulike kapittel, på høvesvis norsk og engelsk.

Raet – resultat av ein massiv breframstøyt

I tillegg vart dei geologiske forskingsresultata publisert i ytterlegare detalj og på vitskapleg vis i to artiklar. Den eine artikkelen, publisert i Journal of Quaternary Science, handlar om avsluttinga av siste istid på kysten av Agder. Funn av eldgamle skjel på botnen av innsjøar vart granska og datert. Resultata gjer oss sikre på at innlandsisen støytte fram over ei mil før moreneryggen Raet vart avsett. Det at isfronten støytte fram over ei mil, tilseier at isveksten må ha vore enorm inne i kjeldeområda rundt Setesdalsheiane og opp mot Hardangervidda.

Isvekst er resultat av ein delikat ubalanse mellom temperatur og nedbør. Kaldt og snøtungt må det ha vore i Langfjella, i tida før Ra-framstøyten. Her er koplinga mellom geologifaget og klimaforskinga lett å sjå.

Iskanten låg ved Raet tusen år lenger enn vi trudde

Jomfruland
Jomfruland er ein av få plassar der Raet i dag stikk opp over havet. Nesten heile øya består av rullesteinar, ho dukka fyrst opp for om lag 6000 år sidan og blir stadig større på grunn av landhevinga. Foto: Telemarksavisa

Raet ligg hovudsakleg undersjøisk mellom Mølen i Vestfold og Hasseltangen ved Grimstad. Nokre stader stikk moreneryggen opp over dagens havoverflate, her finn vi gjerne rullesteinsøyar. Dei gamle steinane som isen ein gong braut laus og transporterte fram til Raet, har her vorte bearbeidd og slipt glatte og runde av havdønningar gjennom tusentals år.

Vi legg også fram funn i artikkelen som tilseier at Raet er nesten tusen år yngre enn kva som tidlegare har vore trudd. Alt tyder på at isen starta si tilbaketrekking frå Raet for nær 11.700 år sidan. Fjordar og sund langs Sørlandet var da ein periode proppfulle av isfjell frå den kalvande breen. Nokre hundre år seinare flaug ei havelle langs skjergarden og enda sine dagar i ei havbukt – ho var eitt av mange funn vi geologar drog opp frå myrane ved Tvedestrand.

Presis tidfesting av gamle havnivå

Den andre vitskaplege artikkelen tek for seg landhevinga, eller meir korrekt strandforskyvinga, ved Tvedestrand sidan siste istid. Her blir det presentert resultat frå boring av totalt 24 myrar og innsjøar.

Gransking av dette omfattande feltmaterialet har gjeve ei svært nøyaktig framstilling av strandlina sitt fall gjennom nesten 12.000 år – frå marin grense på over 80 m og ned til dagens havnivå. Detaljar i utviklinga til havnivået ved Tvedestrand har koplingar til ting som skjer med isdekka heilt andre stader på kloden, jamvel i Antarktis.

Strandforskyvingskurve
Kurve som syner fallet til strandlina ved Tvedestrand sidan siste istid. Resultata er vitskapleg viktige, men dei mange hytteeigarane i området kan også nytte kurva til å finne ut kva tid hyttetomta låg i strandkanten!

Artikkelen kom med i eit spesialnummer av tidsskriftet Quaternary Science Reviews som omhandlar forhistoriske havnivåendringar verda rundt. Slik kunnskap om fortida er ikkje berre nyttig for å forstå landskapsutviklinga i Norge, men blir også brukt i globale datamodellar som spår framtidas klima og havnivåendringar.

Tverrfagleg samarbeid

Arbeidet langs den nye E18-traséen mellom Tvedestrand og Arendal og resultata frå dette, er gode døme på korleis fagområda arkeologi og kvartærgeologi er nært knytte saman, særleg langs kysten av landet vårt.

Det viser at vi har mykje å tene på tverrfagleg, vitskapleg samarbeid mellom statlege institusjonar ved store utbyggingsprosjekt. NGU er for tida i gang med liknande arbeid i samarbeid med arkeologar både i Vest-Finnmark og nord i Vestfold.

Feltgeologar ved NGU legg sakte men sikkert nye kunnskapsbitar til det kompliserte puslespelet om Norges naturhistorie. Slik vi har gjort sidan starten i 1858.