Anders Romundsets bilde

Anders Romundset

Forsker
Telefon: 73904403

Jettegryta!

Eit ideelt bilete på opninga til ei mytologisk og svart underverd. Foto: Terje Solbakk
Geologi og hardtslåande musikk går som kjend godt i lag. Geology rocks, og på NGU er sjansen god for at kollegaen likar både vrengde gitarar og doble basstrommer. Men inspirasjonen kan gå båe vegar.

Bandet Enslaved, Noregs store flaggskip innan progressiv svartmetall, er kjende for å la seg inspirere av natur og eldgamle dagar. Tida da norrøne gudar rådde og kjærleiken var sterk og ekte, men også da myrke krefter truga bak kvar ein bergnabb.

Med albumtitlar som det tidlege Frost (1994) og monumentale Isa (2005), har også bandet avslørt tette band enda lenger attende i tid - til istidene og dei kreftene som har regjert den nordlege jordoverflata gjennom kvartærtida.

Denne inspirasjonen ser nå ut til å bløme vidare i Enslaved sin musikk, til glede både for oss kvartærgeologar og andre med eit romantisk syn på den djupe tida. Nyleg gav dei oss singelen Jettegryta frå det komande albumet Utgard. Her gjev bandet seg i lyriske kast med mystiske kvernsteinar og kvervande urkrefter. Ei jettegryte er sjølvsagt eit ideelt bilete på opninga til ei mytologisk og svart underverd, der både magien og kaoset rår.

Geologar på ekskursjon studerer eit tverrsnitt av ei formidabel jettegryte i Bjugn, bora ned minst 30 meter i ein vakker bergart og seinare eksponert i all sin prakt som fylgje av selektiv breerosjon. Foto: Ola Fredin

Bandet tok turen til Island for å spela inn ein høveleg musikkvideo, proppfull av flotte, svartkvite bilete av den islandske naturen, med all sin is, snø og svarte basalt. Låta har knapt byrja før vokalist Grutle Kjellson hyler ut: Quiet Frost, before Man came!, sjølvsagt med ein referanse til tida da kilometertjukke innlandsisar kledde den nordlege halvkula. Eller er det til Island før landnåmet?

Uansett, det er så det går kaldt nedetter ryggen på lyttaren. Musikken har den kalde, mektige og kompromisslause dåmen som Enslaved har perfeksjonert og gjort til sitt varemerke. Og denne gongen har altså teksten henta inspirasjon direkte frå geologifaget!

Jettegryta musikkvideo

Bandet sjølve skildrar nøkternt i presseskrivet den geologiske landformen “jettegryte” slik: Jettegryta (…)  refers to a phenomenon in nature, where rivers/running water - over a long period - create an often cylindrical hole in solid rock. In ancient Norse folklore, the Jette/Jotun (giants) made these cauldrons to cook in. Vidare skriv dei - Although these particular nature phenomena don’t exist on the volcanic island of Iceland, there are plenty of other places on this magical island that could lead to the dwelling of the giants!

Nokre faglege innspel til denne utsegna kjem, men fyrst:

Ivar Bjørnson rapporterer om jettegryta han fann i Austrheim. Foto frå Enslaved sin Facebook-side

Ikkje lengje etter låtsleppet la bandet ut ein videosnutt i sosiale media, frå Vardetangen i Austrheim nord for Bergen. Her hadde bandets eminente gitarist og tekstforfattar Ivar Bjørnson tydelegvis vore på fisketur og snubla over ei jettegryte nede på svaberget.

Ivar blir da så inspirert at han dreg fram mobilen og filmar, medan han diskuterer i detalj både den glasialgeologiske konteksten og korleis jettegryta vart til. Han forklarar med innleving korleis breerosjonen har verka på landskapet og laga skuringsstriper som syner kva veg isen strøymde.

Imponerande presist fortel han at isen dekte mykje av det nordlege Europa for 20.000 år sidan, medan Vardetangen der han står, vart isfri for 14.500 år sidan. Han sluttar at jettegryta på Vardetangen er om lag 15.000 år gamal. Her sit skulelærdomen godt! Eller har han eit grunnkurs i kvartærgeologi i bagasjen?

Han gløymer rett nok å presisere at subglasialt smeltevatn under høgt trykk, nok er avgjerande for formasjonen av dei fleste jettegryter. Ofte finn vi jo grytene langt vekk frå både dagens elvar og hav, der ingen skulle tru at vatn kunne renne.

Men likevel - all ære til bandet for flott formidling av geologi til svartmetallfansen! Kanskje er det meir å finne på det komande albumet Utgard? Sleppdato er i oktober, når myrkret fell på. Det er berre å gle seg til hausten, som blir kald og fin!

Sjå Ivar Bjørnson på Vardetangen

Til slutt må vi nemne at vulkanisme sjølvsagt ikkje eit hinder for jettegryter – dei er svært så vanlege på Island, der dei kallast skessukatlar. Det tyder, akkurat som den norske jettegryta, kjelen til ei slags trollkjerring – ei skessa.

Ja, jettegryter kan du finne nært sagt overalt der isen ein gong herja, braut ned fjell, klemde inn jordskorpa, bulldoserte vekk spor etter tidlegare mellomistider og la land øyde. Glasial geologi og istidshistorie inneheld mykje godt stoff for oppegåande musikarar, både i Enslaved og andre metallband!

Damer i og ved ei jettegryte på Kvaknes ved Kilsund i Arendal. Her kryr det av jettegryter, til glede for naturinteresserte frå alle scener og sjangrar! Foto: Harald Svendsen