Anders Romundsets bilde

Anders Romundset

Forsker
Telefon: 73904403

Ekornrotta frå Tvedestrand

Kva i alle dagar var det som dukka opp av myra..? Geologene drar opp ei kjerne med merkeleg innhald....
Feltgeologar gjer av og til funn dei slett ikkje hadde forventa. Forskingshistoria fortel oss at det ofte er ved slike uventa funn at dei verkeleg store oppdagingane skjer. Dette er ikkje historia om eit slikt funn. Men overraska vart vi.

Kvartærgeologar frå NGU gjorde ein sjeldan fangst da dei var på boretokt for å kartleggje fortidas havnivåendringar på Sørlandskysten sist vinter. Under sikting av materiale frå ei av kjerneprøvene frå eit såkalla "russarbor" dukka det nemleg opp nokre heilt spesielle og mystiske bein. Dei vart funne 11 meter under dagens overflate av ei djup myr. Beina hadde vore svært godt bevart nede i myra, dei såg nærast "ferske" ut og dei var akkurat små nok til at dei fekk plass inne i den 10 cm tjukke kjerneprøva. Det er vanlegvis mikroskopiske funn som blir gjort i slike kjerneprøver, i beste fall dukkar det opp eit skjel eller ei barnål, så dette vekte rettmessig oppstuss på kjernelaboratoriet ved NGU. 

Beina dukkar fram frå sedimentprøva
Beina dukkar fram frå sedimentprøva.

Geologens tankar var allereie djupt inne i istida og vegen vart difor ikkje lang frå observasjon til tolking - dette likna jo fælt på kraniet av ei ekornrotte! Alle som har sett Istid-filmane hugsar vel karakteren Scrat, best kjent som frenetisk nøttejeger i vill fart på kryss og tvers av innlandsisen, både under oppbyggingsfasen og avsmeltinga. Var det verkeleg i heia ved Tvedestrand han enda sine dagar? Tydelegvis. 

Scrat? I Tvedestrand?
Scrat? I Tvedestrand?
Dei utrulege beinrestane havna raskt
på Instagram.

I god, moderne formidlingsånd og med hasjtagg #ngunett vart sjølvsagt bildet spreidd i sosiale media før nokon kollega eller andre fagfellar fekk høve til å vurdere funnet. Ekornrotta fekk jamvel varm omtale av direktøren i eit allmøte ved NGU, før laboratoriearbeidet rakk å koma til neste steg - ein meir edrueleg morfologisk analyse av beinmaterialet. Ved å snu kraniet opp ned var nemleg ikkje likskapen til Scrat like slåande. Dessutan må det vel nemnast at det aldri har eksistert noko ekornrotte, eller "sable toothed squirrel", som det er omsett frå. 

Etter konsultasjon hjå landets fremste beinekspertise kom det fram at dette slett ikkje var noko kranium, men derimot eit bekken og mange ribbein frå ein andefugl! Ja, vi kan til og med fastslå art - det er frå den vakre havella. Med det enda vakrare vitskaplege namnet Clangula hyemalis. Havella er ei lita and med ein prangande stjert som finst i heile Arktis. Ho er ganske vanleg på Svalbard og i Nord-Norge, men du kan også vera heldig og treffe hekkande eksemplar om sommaren i fjellstrok sørpå. Heilt ned til Sørlandet er det imidlertid svært sjeldan den vakre anda forvillar seg - nå til dags. 

Slik kan den ha sett ut, den 11 000 år gamle Havella som dukka opp i kjerna til NGU-geologane i Tvedestrand.
Slik kan den ha sett ut, den 11 000 år gamle Havella som dukka opp i kjerna til NGU-geologane i Tvedestrand.

Nå er havellebeina radiokarbondatert og vi kan fastslå at anda sokk ned på botnen av det som den gongen var ei grunn havbukt, for nesten elleve tusen år sidan! Det er berre nokre få hundre år etter at den store skandinaviske innlandsisen trekte seg tilbake frå Tvedestrands-heiene. På grunn av landhevinga ligg denne havbukta nå meir enn 60 meter over havet. Bassenget har gått gjennom mange tusenår som innsjø før det vart heilt attfylt av organisk materiale. I dag er det berre ei anonym, namnlaus myr i skogen.

Anders Romundset med kjerna som inneheldt
hemmelighetar frå 11000 år attende.

Men kvartærgeologar veit at slike myrar kan vera skattkister fylt av geologisk informasjon. Opp gjennom åra har lag på lag med sediment lagt seg i bassenget. Ut frå alderen til anda og kor djupt ho låg, veit vi at det i gjennomsnitt har akkumulert ein millimeter kvart år i dette bassenget. Kvart lag har si særeiga samansetting av mellom anna planterestar, insektskal og pollen, som fortel korleis miljøet var akkurat da laget vart danna. Geologen kan ta kjerneprøver frå slike basseng og plukke materiale frå ulike nivå i kjerna og sjå på det i mikroskop. Med rett kunnskap og gode analysemetodar som verkty kan geologen lesa informasjonen om utviklinga i bassenget slik vi elles les bøker bladside for bladside. Nokre myrar fortel også om store klimaendringar, brear som veks og minkar, havnivåendringar, tsunamioppskylling, og - i dette tilfellet - faunahistorie!

Kanskje skjedde det noko dramatisk? Vart havella angripe i flukt av ei fiskeørn, som sidan miste ho ned i havbukta? Eller vart ho kanskje jakta på av ein tidleg nordmann, ein istidsjeger som ikkje hadde hellet med seg den dagen? Eller, meir trivielt - vart ho berre sjuk og døydde og sokk ned nettopp her, utan å drive i land? Det får vi aldri veta. Alt vi veit er at det flaug ei havelle langs Sørlandskysten like etter istida. Kanskje kunne ho skimte den siste resten av ein smeltande innlandsis inne i heiene før ho møtte sin død. Elleve tusen år seinare vart ho funne att, som ei nål i ein høystakk, på 11 meters djup i ei myr heva høgt over det havet ho ein gong styrta i. Etter alt å døme den fyrste fuglen som er fanga i eit russarbor, sannsynlegvis verdas eldste funn av havelle og kanskje Norges eldste and? Og ein kort karriere som ekornrotte i sosiale media. Ingen dårleg skjebne det.