Anders Romundsets bilde

Anders Romundset

Forsker
Telefon: 73904403

Bildeblogg frå feltarbeid

FELTOMRÅDE: Hit til den vakre Altafjorden gjekk turen – etter full rulle i to døgn frå Trondheim.
NGU har vore i felt langs Altafjorden og samla inn nye kjerneprøver frå innsjøar, for presist å kunne bestemme alderen til dei ulike heva strandnivåa. Her er vår reise i bilder.

Under den berømte La Recherche-ekspedisjonen (1838-1840) vart det gjort banebrytande observasjonar av skråstilte, heva strandliner langs Altafjorden. Desse observasjonane vart seinare sentrale bevis for istidsteorien. Altafjorden har slik sett ein spesiell posisjon i norsk geologi.

Ny kunnskap

Nå har NGU vore i felt langs fjorden og samla inn nye kjerneprøver frå innsjøar, for å presist kunne bestemme alderen til dei ulike heva strandnivåa. Med slike nye observasjonar og datering får vi ny kunnskap om både den gamle skorpa og havet – om landheving, havnivåendringar og issmelting lokalt og globalt. I tillegg vil resultata gjera det mogleg å bestemme alderen til gamle og nye funn av steinalderlokalitetar og bergkunst langs Altafjorden.

Arbeidet skjer i samarbeid med, og er finansiert frå det arkeologiske forskingsprosjektet Stone Age Demographics ved Universitetet i Tromsø. Eit ekte tverrfagleg arbeid med andre ord, der vi i tillegg til å hjelpe til med tidfesting av arkeologiske funn håpar på å ende opp med mykje ny, konkret geologisk viten.

Mykje labarbeid

Nå ventar mykje labarbeid og nitid analyse gjennom haust og vinter før resultata etter kvart utkrystalliserer seg. Men vi har trua – for feltarbeidet gjekk godt det. Og vi gler oss allereie til ein ny runde neste år!

Med på turen var Anders Romundset, Tom Lakeman og Lina Gislefoss, alle ved NGU.

UTSTYR FOR TO VEKER: Mykje utstyr må med på boreekspedisjon! Her står bilen smekkfull på hamna i Alta medan vi festar innkjøpte røyr på taket. Dei lite glamorøse avløpsrøyra er perfekt for sedimentkjerneprøver. Dei tolar alt!
DRYAS: Anders beundrar vår nye flåte ved ein innsjø på Seiland. Dette var jomfruturen for flåten, som ei kveldsstund under feltarbeidet vart høgtideleg døypt Dryas. Dryas er oppkalla etter både det latinske namnet til den vakre reinrosa og etter namnet på nokre heftige kuldeperioder under avsluttinga av siste istid. Det er ein svært robust fjorten fot lang flåte, ein såkalla cataraft, utvikla for lengre raftingturar på flodene i Nord-Amerika. Lett å transportere og med plass til mykje utstyr, stabil og fleksibel i bruk. Dryas er ein kjempesuksess!
SLÅ HAN NED: Tom og Anders førebur seg her på å dunke ned PVC-røyret i botnen av ein innsjø. Nede på botnen ligg lag på lag med geologisk historie. Spenninga sitrar!
FRILUFT: Vi budde i telt dei fleste nettene, med primitivt men velfungerande feltliv. Her frå ein leir i ly av bjørkeskogen. Her fann vi jamvel ei snøfonn til kjøleskap for mat og øl.
VINDFULLT: Ein morgon vakna vi til harde vindkast frå nordvest. Over 20 m/s på Finnmarkskysten, meldte meteorologane. Resultatet vart kraftig deformerte teltstenger og ein roleg dag med god tid til vedlikehald av utstyr og legeme.
BÅL: Det blir aldri feil med bål om kvelden. På ekspedisjon er det obligatorisk.
MIDNATTSOL: Finnmark byr på eit tettpakka program av naturopplevingar. Her kjem sola kikande fram ved midnatt og speglar seg i ein av våre flotte innsjøar. Samstundes flaug ei haukugle stilt over vatnet. Og vi som var på veg i posen, nå måtte kamera fram att.
FORTIDA PÅ BOTNEN: Kjerneprøvene syner fram lag på lag med geologisk historie. Dei fortel om dramatisk kystgeologi – havnivåendringar, tsunamiar og klimaendringar. Dei eldste laga går attende til istida. Spennande stoff for ein geolog! Her representert ved Tom Lakeman.
POSERING: Boreekspedisjonen var svært vellykka. Her er det ein sjølvsikker gjeng som girar seg opp før boring av den siste innsjøen.