Start
24.11.2022 / 13:00

Slutt
24.11.2022 / 14:00

Webinar: Derfor kartlegg vi havbotnen

Sjøstjerne.
Ein time webinar om kartlegging av havbotnen torsdag 24. november.

I løpet av éin time torsdag 24. november får du høyre om kor, kvifor og korleis Mareano-programmet kartlegg havbotnen. Vi skal også innom kva vi gjer i Nordsjøen, mineralutvinning og vern av sårbar natur i djuphavet.

Vi gir òg svar på kva posisjon Mareano har i regjeringa si havsatsing. Sjølvsagt får du også sjå det heilt ferske kartet over leveområde for botndyr. Meld deg på!

Alle er velkomne; havforvaltarar, avgjerdstakarar, næringslivsaktørar, politikarar, forskarar, studentar og andre nysgjerrige.

Webinaret arrangerast av Mareano-programmet som nettseminar i Teams og er gratis og opent for alle.

Mareano kartlegg djup, botnforhold, biologisk mangfald, naturtypar og forureining i sediment i norske havområde.

Havforskingsinstituttet, Noregs geologiske undersøking og Kartverket utgjer utøvande gruppe i Mareano, og gjennomfører den daglege drifta.

Det overordna ansvaret ligg hos programgruppa som leiast av Miljødirektoratet.