24. september 2015

Tenner på alle pluggar


Kyanitt har ein djup blå farge.
Visste du at dette mineralet tenner på alle pluggar...?

Kyanitt er ildfast og vert brukt i mellom anna porselen, elektriske isolatorar - og tennpluggar! Kyanitt er hardt, har ein djup blå farge og vert av og til òg brukt som slipemiddel og smykkestein. Det finst fleire førekomstar i Noreg som moglegvis kan vera drivverdige, mellom anna i Elverum.