Dette er et NFR-finansiert prosjekt (2007-2010) under det Internasjonale Polaråret, IPY
Nyheter

ÅS: Oj, så vart det heilt stilt. Professor Jon Landvik ved Universitetet for miljø- og biovitskap (UMB) fortel om kva han tenkte da han vart oppringt og informert om tildelinga av Framkomiteens Nansenbelønning for 2008.

Av Elin Judit Straumsvåg

SciencePub-forskar heidra

Tildeling av Framkomiteens Nansenbelønning i Det Norske Videnskaps-Akademiet.Utdelinga var ved viserektor ved UiO Inga Bolstad. Foto: Ida Lønne

Professoren i geologi skundar seg med å fortelja at han vart glad. Takksam. Telefonen kima i det han nett var ferdig med ei førelesing, ei førelesing som blant anna baserte seg på kjelder skreve nett av Fridtjof Nansen. Meldinga var klar: Hald av 10.oktober.

Framkomiteens Nansenbelønning vert årvisst delt ut dagen Nansen vart fødd. I år er det Jon Landvik sin tur. Han på si side kan ikkje fort nok få fortalt at dette er gruppearbeid. Han deler raust æra med folk han har samarbeidd med direkte og han fortel om at han og dei andre polarforskarane står fjellstøtt på skuldrene åt tidlegare forskarar.

 – Dei var så grundige i skildringane sine. Observerte og undersøkte. Vi går i land i dag med all slags moderne teknologi, og eg undrar meg stadig over kor dyktige dei før oss har vore, seier Landvik.

Grunngjevinga

Sjølv set Jon Landvik ekstra stor pris på grunngjevinga for tildelinga, ikkje minst i ein bolk om oppbygginga av UNIS (Universitetssenteret på Svalbard) kor han var tilsett i sju år. Landvik får stor del av æra for at geologi vart eit stort og suksessfullt fag.

– Undervising og organisasjonsbygging vert gjerne sett på som noko som tek tid og fokus bort frå forskinga, eg vert ekstra glad for at denne delen av arbeidet mitt vert trekt fram, seier professoren. Men forskinga får òg sin del av æra:

”Professor Landvik er en internasjonalt framstående forsker når det gjelder naturlige klimavariasjoner i Arktis. Landviks hovedinteresse er knyttet til kvartærtidas isutbredelse og mekanismer for istiders vekst og tilbaketrekning. Landvik er spesielt kjent for sin syntese av siste istids utbredelse over Svalbard og Barentshavet, et tema som har vært diskuterte over lang tid og av en rekke forskere, inkludert Nansen. Landviks syntese inngår nå som del av de globale klima-rekonstruksjoner”.

Forstår havstraumar

Jon Landvik fortel ivrig om at no nærmar han og dei andre i gruppa hans seg ei forståing.

– Vi meiner vi er veldig tett inn på ei god forklaring på samanhangen mellom havstraumane i Nordatlantaren og klimaet i Arktis. Naturlege klimaendringar. Snart kan vi datera hendingane veldig nøyaktig og vi kan sjå kva som skjedde i havet på same tid. Kva skjedde da Golfstraumen endra leia si? Og han kan endra leia si igjen og det har store konsekvensar, i følgje prisvinnaren.

Forstår istider

Geologar ser i jord, stein og sandlag at her har det vore ei istid. Vanskeleg nok tenkjer ein ikkje-geolog. No kan forskarane snart ikkje berre sjå og oppdaga, men mest sannsynleg kan dei forklara korfor istida oppsto.

– Det vert mest som ei historiebok der mange sider og kapittel manglar. Geologar som meg prøver å rekonstruera kva som har skjedd, seier professoren som i pendressen tok i mot belønning og ære i Det Norske Videnskaps-Akademi.

Verdig vinnar
-Jon Landvik er ein storarta forskar, ein visjonær pioner innan kvartærtidas geologi, seier islandske Ólafur Ingólfsson, professor i geologi.

- Med breitt overblikk, kunnskap og innsikt har han sett kursen og dagsorden for paleoklimatisk forsking på Svalbard, seier han.

Ingólfsson vektlegg Landviks gode evne til å motivera og føra fram yngre forskarar. Kunnskapsutveksling til folk utanfor det geologiske miljøet er ei anna side han vil trekkja fram med Landvik sitt virke. Landvik får publikum til å verta interesserte i geologi.

Eg kan ikkje tenkja meg ein meir verdig prisvinnar, seier Ólafur Ingólfsson.

FORKLARER: Geologistudent Hilde Krogh (t.h.) får veiledning av forsker Maria Jensen før hun starter arbeidet i elveskjæringen