Dette er et NFR-finansiert prosjekt (2007-2010) under det Internasjonale Polaråret, IPY
Nyheter

ÅS: Like mange kvinner som menn, både som leiarar og føredragshaldarar. – Ei skikkeleg positiv oppleving, seier postdoc Helena Alexanderson om det første prosjektmøtet i NGU-leia SciencePub.

Av Elin Judit Straumsvåg

Jamn kjønnsfordeling i SciencePub

Postdoc Helena Alexanderson spør om den kjønnsmessige skeivfordelinga i forskinga berre er eit generasjonsspørsmål som vil løyse seg sjølv, eller om det er ein systemfeil. Her er Alexandersom på feltarbeid på Svalbard. Foto: Mikael Lindqvist

Naturlegvis, er det lett å tenkja. Kvinnene slepp til. Men postdoc Helena Alexanderson ved Universitetet for miljø- og biovitskap (UMB) gjorde seg nokre tankar etter å ha lest ein artikkel i Nature:

Artikkelen i Nature viste til kvinneleg fysikarar som ikkje i like stor grad som sine mannlege kollegaer fikk halda føredrag på konferansar. Trass i større arbeidsinnsats.

Helena Alexanderson samanliknar dei to siste konferansane ho har delteke på:

– Det slo meg på eit møte i det NGU-leia SciencePub-prosjektet i Selbu i fjor, at det var ein stor del kvinner som deltok. Vi kunne sjå dei som både modulleiarar og føredragshaldarar. Talet på konferansedeltaking og presentasjonar delte seg midt på mellom kvinner og menn. Ei skikkeleg positiv oppleving, seier Alexanderson.

Kjønn og alder

På eit anna møte, i APEX - eit internasjonal paraplyprosjekt for arktisk forsking - i Durham, Storbritannia, fikk Alexanderson eit anna inntrykk. Ein tredjedel var kvinner på møtet, men berre 15 prosent av føredraga vart heldt av kvinnelege forskarar.

Alexanderson fortel at noko av skeivskapen vart retta opp ved at posterpresentasjonane var fordelt likt mellom kjønna. - Alder er eit viktig parameter i denne samanhangen, fortel Alexanderson, - prosjektleiarar og seniorforskarar er gjerne menn, mens kvinner i høgare grad er doktorandar og yngre forskarar.

Prosjektleiarar og seniorar gir gjerne munnlege prosjektoversyn, mens dei yngre presenterer sin del i prosjektet med posterar.

– Begge presentasjonsformene kan gi like stor vitskaplege utbyte, men det er sjølvsagt at ein føredragshaldar vert meir synleg enn ei som presenterar seg med ein poster, seier Helena Alexanderson.

Endringspotensial

_ Koss har SciencePub fått til dette? spør Alexanderson. - Er det eksterne forskingsmiddel og fleire midlertidige tilsette i prosjektet som har gjort dette muleg?

Samstundes stillar ho seg følgjande spørsmål: Spelar få faste kvinnelege tilsette inn i det generelle biletet? Kven bestemmer presentasjonsform og kven som skal presentera? Velgjer kvinner å ha mindre tru på seg sjølve og forskinga si? Eller kan prosjektleiarar og andre ytre faktorar leggja bastante føringar?

Helena Alexanderson lurer på om dette er eit generasjonsspørsmål som løyser seg sjølv på sikt, og i så fall; - kor lenge skal ein venta på positive endringar? Eller er det ein ’systemfeil’? Kan ein ta lærdom av SciencePub og jamna ut skilnadane også i andre prosjekt?

Guten kikkar bestemt og målretta på fotografen, medan jenteforskaren nøyer seg med å kikka på guten. Er det typisk? Foto: Håkon Sparre

Reis på kongressar for å halda føredrag, rår prorektor Trine Hvoslef Eide alle til. Ikkje minst kvinner i vitskapeleg posisjonar, dei må setja seg sjølve i førarsetet. Foto Henrik Mikkelsen

Prorektor ikkje overraska

Av Elin Judit Straumsvåg

ÅS: Prorektor Trine Hvoslef Eide ser den same mannlege overvekta på internasjonale møter ho deltek på, som Helena Alexanderson viser til. Ho er ikkje overraska.

Fleire menn reiser og fleire menn held føredrag ved konferansar, medan det er likt fordelt mellom kjønna på posternivå. Same tendensen ser ho på kven som søkjer om professoropprykk.

Prosentvis er det fleire mannlege førsteamanuensar som søkjer om professoropprykk enn blant sine kvinnelege kollegaer. Derimot jamnar det seg ut når ein ser kven som til slutt får opprykket. Prosentvis følgjer det same prosentsats som fordelinga mellom mannlege og kvinnelege førsteamanuensar.

Hvoslef Eide er ikkje sikker på  kva det botnar i; men at kvinnene ventar med å søkja om opprykk til dei er meir sikre på å nå opp, er prorektoren temmeleg overtydd om.

By på heile deg

Trine Hvoslef Eide lærte tidleg - av ein mannleg kollega - at ho aldri skulle føreslå noko anna enn førelesing. 

– Vart eg invitert til ein konferanse skulle eg gå ut i frå at eg heldt føredrag. Insisterte vertskapet på posterdeltaking, var det noko eg kunne vurdera som eit forslag nummer to.

Dette rådet, tidleg i mi karriere, har vore viktig, seier Trine Hvoslef Eide.

Menneskenaturen

Fagansvarleg for dei ulike fagbolkane ved ein kongress er gjerne leda av ein fagansvarleg. Denne fagansvarlege er gjerne ein mann og han tenkjer først og fremst på andre mannlege kollegaer når han legg opp kongressen.

– Naturleg menneskeleg reaksjon, seier prorektor Trine Hvorslef Eide. Det ligg i menneskets natur å søkja til noko kjent.