26. september 2018

SKAP NOKO NYTT MED NGU SINE OPNE DATA


NGU stiller med data til utviklerkonkuransen #hack4no.
Har du ein ide som kan bli ein app, eller kanskje ei ny bedrift? 12 statlege etatar og verksemder stiller nå opp på «hackathon» for å hjelpe deg å realisere ideen - og NGU er med!

Det skjer på Hønefoss i slutten av oktober, og det heile er pakka inn som konkurransen #hack4no.

Statssekretær
Paul Chaffey.

På #hack4no vert programmerarar, designarar, gründerar, utviklarar, eller den som berre har ein god ide, samla for å utvikle konsept til nye tenester, appar, programvare eller føretak som nyttar seg av gratis offentlege data.

Gjennom to dagar får deltakarane intensiv oppfølging av ekspertar for å utvikla ideen sin, før juryen kårar ein vinnar. Det einaste kravet er at ideen nyttar seg av gratis offentlege data.

- I Noreg har vi myke offentlege data som vi bruker til myke nyttig og viktig. Men vi ynskjer at dei skal bli tatt i bruk enda meir til å lage nye tenester og til verdiskaping. Derfor inviterer vi til ein «dugnad» der programmerarar, designarar, gründerar og folk som har gode idear, kan være med og sjå på nye og spennande måtar å bruke disse data på, seier statssekretær Paul Chaffey i Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

NGU stiller med nye data

Osmundneseter eit ustabilt fjellparti som
vart oppdaga med hjelp av InSAR.

Under #hack4no stiller NGU med støtte og rettleiing til bruk av alle våre publiserte datasett.
I tillegg til NGU sine offentlege data, tar vi med to nye datasett som ikkje er publisert enno:

  • InSAR: Datasettet inneheld svært detaljerte terrengmålingar med satellittbasert radar (InSAR). Målingane er gjort over tid, slik at små endringar i landskapet, heilt ned på millimeternivå, vert oppdaga. NGU nyttar InSAR-data til skredovervaking og måling av innsynking i byer. På #hack4no har vi med ein demoutgåve av datasettet , som viser området rundt Hønefoss.
     
  • Ny berggrunnsdatabase: Det andre datasettet er ein foreløpig utgåve av NGU sin nye database for berggrunnskart i oppløysninga 1:250 000. Databasen er tilpassa moderne analyser, der informasjon om berggrunnen enkelt kan hentast ut og analyserast på ulike måtar. I tillegg er tidlegare ujamnskap i overgangen mellom ulike kartblada tatt hand om.
#hack4no
  • #hack4no vert arrangert fredag 26. og lørdag 27. oktober på Hønefoss.
     
  • Påmelding og informasjon: www.hack4.no.
     
  • #hack4no er eit sokalla «hackathon»:
    Ordet er samansett av “hacke” og “maraton”. Å "hacke" betyr i denne samanhengen å programmere, bruke data og lage appar, tenestar og andre digitale løysingar. "Maraton" siktar på at man over to heile dagar jobbar i eit sett for å bli ferdig med ei løysing, eller å utvikle ein idé.
     
  •  Etatar/ dataforvaltarar som deltek i år: Brønnøysundregistrene, Entur, Fiskeridirektoratet, Kartverket, Meteorologisk Institutt, NAV, Norges Geologiske Undersøkelse, Norsk Romsenter, Riksantikvaren, Riksarkivet, Statens Vegvesen, Statistisk sentralbyrå.