16. november 2011

Hvorfor fins det ikke marine avsetninger oppover langs Mjøsa?

Havet har stått ca 200 meter høyere enn dagens nivå for ca 9500 år siden. Overflaten til dagens Mjøsa ligger på ca 130-140 moh. Hvorfor har vi da ikke marine avsetninger fra Minnesund og oppover langs Mjøsa?

Kort fortalt låg isfronten ved Minnesund og blokkerte for havet. Det vart difor ikkje avsett marine sediment lenger nord.

Ei litt lenger forklaring:
Landet steig svært raskt under isavsmeltinga (fleire titals cm kvart år). Samstundes vart landet gradvis isfritt - ismarginen på Austlandet smelta tilbake og nordover i dalgangane med varierande hastigheit. Nokre gonger stoppa den også opp på høgder/tersklar i landskapet. Ein slik terskel er ved Minnesund, der brekanten låg ei stund og bygde opp det flotte breelvdeltaet - til datidas havnivå. Når Mjøsbassenget endeleg vart isfritt, hadde landet stige så mykje at strandlina ikkje lenger låg høgare enn Mjøsa.