Radonfare

Mellom 250 og 300 nordmenn pådreg seg lungekreft kvart år som følgje av langvarig eksponering av for høge konsentrasjonar av radon i luft innomhus. Aktsemdkart frå det sentrale austlandsområdet hjelper til med å identifisere dei radonutsette områda.

Noregs geologiske undersøking i samarbeid med Statens strålevern, har gjort den nye reiskapen kjent. Denne er eit godt hjelpemiddel for kommunane, både når dei skal prioritere målingar av radon i eksisterande bustader, og når dei planlegg nybygging.

Uran i bakken

I arbeidet har NGU, ved hjelp av fly og helikopter, gjort omfattande målingar av naturleg bakgrunnstråling frå uran i bakken. Statens strålevern har stilt til rådvelde resultat frå radonmålingar i heile 6326 bustader frå det same området.

Sammenstillinga av resultat - saman med NGU sin omfattande kunnskap om lausmassar og berggrunn - har resultert i eit aktsemdkart som strekkjer seg over 10.000 kvadratkilometer frå Hadeland og Romerike i nord, til Fredrikstad og Skien i sør. Nærare to millionar menneske er busette i dette området.

Faktorar som gjev grunnlag for aktsemdkart

Karta inneheld tre viktige faktorar i vurderinga av aktsemd:

  • Eksisterande målingar av radon i luft innomhus.
  • Gammamålingar frå lufta, noko som gir ein generell oversikt over uranrike område.
  • Kartlegging av lausmassar med fokus på lett gjennomtrengelege lausmassar som sand og grus. Sand og grus gjer det lettara å transportere radongass effektivt frå store djup. Dette gir fare for høgare radonnivå innomhus, sjølv i område med låge konsentrasjonar av uran i grunnen.
  • Berggrunnen – bergartar som inneheld uran og gjev auka risiko for radongass

I tillegg gir kartet ein forenkla oversikt over berggrunnsgeologien i Osloregionen. Bergartane kan rangerast etter kor sannsynleg uranrik granitt og uranrik granittisk gneis.

Bakgrunnen for arbeidet er at Noreg har nokre av dei høgste radonkonsentrasjonane i verda innomhus.

Radiumrabell

Over tiltaksnivå

Omfattande kartlegging med måling av radon i bustader i heile landet, syner at ca. 175.000 bustader - eller ni prosent av bustadmassen - har ein gjennomsnittleg radonkonsentrasjon over tilrådd tiltaksnivå på 100 Bq/m3.

Aktsemdkarta er også gjort tilgjengeleg i digital form. Her er karta delt mellom høg og moderat aktsemd. Sjå nærare her