Sjå skredet frå Børa

Forskarane skulle studere vatnstraumen gjennom fjellet Børa i Romsdalen då steinar byrja løsne frå fjellet ovanfor dei, og dei blei vitne til eit digert skred. Heldigvis var kameraet med.

I oktober 2007 var fyrsteamanuensis Geir Vatne frå Geografisk institutt ved NTNU, fylkesgeolog Einar Anda og masterstudent Marte Rødseth Kvakland i Romsdalen på feltarbeid. Dei ville gjere forsøk og søkje lære kjenne vatnsystemet som renn i sprekker og revner under  jorda og gjennom fjellet ved Børa i Rauma kommune.

Rasfarleg område

Området er eit av dei mest rasfarlege i Noreg, og store delar av fjellplatået Børa og fjellet Mannen står i fare for å rase ned i dalen. Forskarar overvakar fjella og søkjer varsle store skred på førehand så folk kan evakuerast og ikkje kjem til skade.

Vatne, Anda og Rødseth Kvakland var i området for å sjå om sporstoffet dei hadde slept i vatnsystemet oppå fjellet dagen før, hadde runne gjennom sprekkene og til kjeldene nede i skråninga då dei skjønna at store steinar var i ferd med å løsne oppe i fjellsida.

Dramatisk skue

Forskarane hadde kamera med og filma då skredet gjekk. Omlag 10.000 m³ stein løsna denne dagen, og veldige krefter var i sving. To digre steinblokker rasa ned i dalbotnen og stoppa nær måleinstrumenta og dataloggarane forskarane hadde utplassert.  

Til alt hell vart ingen skadd i skredet, men videoen syner kor valdsam naturen kan vere.

 

Her gjekk raset frå BøraMasterstudent Marte Rødseth Kvakland tek skadane etter raset i augesyn.

 

Forfatter: Hilde Jensen Grandaunet
Kontakt