 |
| I LEIINGA: Suzanne McEnroe er overtydd om at forskinga kjem til å ende i industriell verksemd. - Det handlar om ressursar, hevdar ho. Foto: Halfdan Carstens/GeoPublishing |
|
Forskarar ved NGU har oppdaga nokre svært spanande kjenneteikn ved magnetismen i norsk gneis.
Nanoskala
Gjennom fleire år med grunnleggjande forsking på mineral sine magnetiske eigenskapar i nanoskala, har McEnroe si gruppe ved NGU utvikla dette stadig vidare.
Dei siste resultata vart nyleg publisert i Nature Nanotechnology. Artikkelen er ei oppfølgjing av ein tidlegare publikasjon frå gruppa i Nature i 2002.
Nytt steg vidare
No vil NGU, i samarbeid med Universitetet i Oslo (UiO), sette i gang forsøk for å lage eit kunstig materiale med de same magnetiske eigenskapane som norsk gneis.
- Det blir eit viktig skritt på vegen mot å gjøre vår grunnforsking tilgjengeleg og interessant for industribedrifter og kommersielle interesser, seier McEnroe.