 |
| POLARDAGEN: Professor Jon Landvik ved Universitetet for miljø- og biovitskap på Ås, presenterte det NGU-leia prosjektet SciencePub under Polardagen nyleg. |
|
Noregs forskingsråd har løyvd til saman 288 millionar kroner til polarforsking dei neste fire åra - med eit atterhald om løyvingane på statsbudsjettet for 2008-2010.
Midlane er delt ut til i alt 26 prosjekt. Allereie i 2007 er det sett av 80 millionar statlege kroner til norsk forsking i polare strøk.
 |
| MANGE: Over 150 personar var møtt fram på Polardagen for å høyre om prosjekta som er gitt polarstøtte. |
|
Løyse klimagåta
- Dette er vår generasjon sin moglegheit til å løyse klimagåta, seier professor Øystein Hov, som leiar i den norske komiteen for Polaråret.
Det internasjonale polaråret tek til 1. mars og er eit intensivt og tverrfagleg forskingsprogram. 50.000 forskarar frå til saman 60 land skal gjennomføre forsking som ingen nasjon kan finansiere eller gjere aleine.
Ein møtestad
Forskar Eiliv Larsen ved Noregs geologiske undersøking (NGU) leier SciencePub, eitt av dei store Arktis-prosjekta. Til saman ni institusjonar er med i dette samarbeidet, som skal sjå på naturlege klima- og miljøendringar i Arktis og menneska si tilpassing til desse endringane.
- SciencePub skal vere ein møtestad for kunnskapstørste. Vi legg stor vekt på at forskinga skal kome allmennheita til gode, seier professor Jon Landvik ved ein av dei samarbeidande institusjonane, Universitetet for miljø- og biovitskap på Ås.
NGU er også representert i Polaråret med eit prosjekt på permafrost, som blir leia av førsteamanuensis Hanne H. Christiansen ved Universitetssenteret på Svalbard (UNIS).
Betre varsel av vær
To-tredjedelar av dei statlege midla til Polaråret går til forsking innafor meteorologi og klima.
- Polaråret har mellom anna som mål å få klarere svar på koplinga mellom klimaendringar og naturfenomen som Golfstrømmen. Samstundes skal værvarsla forbetras, seier direktør Arvid Hallén i Noregs forskingsråd på deira heimesider.
Forskingsrådet planlegg også å bruke 28 millionar kroner ekstra på tiltak for rein formidling og utdanning. Halvparten av pengane er avsett i ein konkurransebasert utlysing.
Til Antarktis
Forskingsrådet melder at førebuingane med logistikk til Polaråret allereie er i gang. I oktober klappa den russiske isbrytaren Ivan Papanin til kai i Oslo for å laste. Tidleg i desember kom den fram til Antarktis med 1000 tonn utstyr, blant anna slede og beltevogner, kraftverk til Troll-stasjonen, utstyr til ein ny satellittstasjon og til ein belgisk ekspedisjon.
Dette er fjerde gong verdas forskarar samlar seg for å gje polarforskinga eit løft. Første gong var i 1882-83. Den gongen deltok 12 nasjonar, mens det allereie er meir enn 60 land som er med denne gongen. Det siste Polaråret vart halde i 1957-58.
Her er alle prosjekta