Grunnvannskvalitet

Menneske, dyr og planter treng ei lang rekke mineral. For høgt eller for lågt inntak kan vere skadeleg. Vatn er vårt viktigaste næringsmiddel og er i tillegg eit utmerka løysemiddel. Grunnvatn tar opp i seg mineral når det sakte flyt gjennom undergrunnen.
Vann er et utmerket løsemiddel for mineraler i berggrunnen. Foto: T. Mortensen

Grunnvatn har vanlegvis eit langt høgare mineralinnhald enn overflatevatn. I tidlegare tider førte einsidig kosthald til mangelsjukdomar, og det var ikkje utan grunn at mange oppfatta at mineralrikt kjeldevatn kunne ha lækjande kraft. Grunnvatn er også betre verna mot bakteriar enn vatn i bekkar og sjøar, og ein pilegrim som leid av kronisk diaré kunne vere frisk så lenge ho fekk drikke kjeldevatn.​

Flaske-etikettane på naturleg mineralvatn viser dei grunnstoffa som det er mest av i grunnvatn. Med moderne analysemetodar kan ein påvise nesten alle naturlege grunnstoff i vatn sjølv om konsentrasjonane av dei fleste er ekstremt låge. Enkelte grunnstoff har negative helse-effektar sjølv i små mengder, så som arsen, antimon, bly og kadmium. Desse finnes heldigvis sjeldan i konsentrasjonar over drikkevassgrensa i grunnvatn i Noreg. Derimot har berggrunnen i Noreg med granittar og lyse gneisar ofte grunnvatn med høgt innhald av fluor, radon og uran. Dette er naturlege kjemiske stoff utan smak, lukt eller farge, og ein rår alle brønneigarar til å få drikkevatnet sitt analysert. I tillegg må ein passe på at brønnen er plassert og utforma slik at vatnet ikkje vert utsett for bakteriell forureining frå avløp, husdyr og ville dyr.

NGU har undersøkt uorganisk grunnvasskjemi i eit utval av private og offentlege drikkevassbrønnar og grunnvassverk. Jern og mangan er dei vanlegaste vasskvalitetsproblema i grunnvatn både i lausmassar og i berg. Hardt vatn er også ganske vanleg. Dette har berre bruksmessig eller estetisk verknad og vil verte oppdaga utan nokon eigen vassanalyse. For høge konsentrasjonar av den radioaktive gassen radon opptrer i ein av sju fjellbrønnar, men særs sjeldan i lausmassebrønnar. Konsentrasjonar av fluorid over 1,5 mg/l som kan skade tenner hos barn, blei også funne i ein av sju fjellbrønnar. Uran, slik det er i naturen, er eit tungmetall som ikkje er særleg radioaktivt, men er truleg kjemisk helseskadeleg ved inntak over lang tid. Basert på Verdens helseorganisasjons rettleiande grense på 0,030 mg/l, er om lag ein av åtte private fjellbrønnar utanfor norma.

Fleire undersøkingar av den bakterielle kvaliteten i private vassforsyningar som er gjort av NGU, Mattilsynet eller kommunar, viser at opptil halvparten av drikkevassbrønnane inneheld bakteriar som tyder på fersk avføring frå menneske eller dyr. Dette skuldast gjerne ein kombinasjon av dårlege og utette avløpsløysingar, for liten avstand til avløpssystem, fjøs eller beitemark og at brønnane ikkje er tilstrekkeleg verna mot direkte inntrenging av overflatevatn. Innblanding av små mengder bakterieforureina vatn kan øydeleggje ein brønn som i utgangspunktet leverer klart og reint grunnvatn.

Grunnvatn er vanlegvis eit godt alternativ for drikkevassforsyning til mindre byar og tettstader og til spreidd busetjing. Bruk av grunnvatn er likevel ikkje heilt utan utfordringar. NGU vil framleis arbeide for å samle, utvikle og spreie kunnskap som sikrar ei trygg drikkevassforsyning.