Kort fortalt låg isfronten ved Minnesund og blokkerte for havet. Det vart difor ikkje avsett marine sediment lenger nord.
Ei litt lenger forklaring:
Landet steig svært raskt under isavsmeltinga (fleire titals cm kvart år). Samstundes vart landet gradvis isfritt - ismarginen på Austlandet smelta tilbake og nordover i dalgangane med varierande hastigheit. Nokre gonger stoppa den også opp på høgder/tersklar i landskapet. Ein slik terskel er ved Minnesund, der brekanten låg ei stund og bygde opp det flotte breelvdeltaet - til datidas havnivå. Når Mjøsbassenget endeleg vart isfritt, hadde landet stige så mykje at strandlina ikkje lenger låg høgare enn Mjøsa.