Ekstra kartlegging av skredfare

Regjeringa løyver fem millionar kroner ekstra til oversiktskartlegging av skredfarlege område i Noreg. - Målet med den styrka satsinga er å identifisere fareområde tidleg, slik at nødvendige tiltak kan setjast i verk, seier statsråd Dag Terje Andersen.

- Staten skal bidra til at me kan unngå ulykker. Difor styrkjer me no satsinga på kartlegging, seier nærings- og handelsminister Dag Terje Andersen.

Rammeauke

Pengane vert løyvd over budsjettet til Noregs geologiske undersøking (NGU). NGU brukar kvart år om lag ni millionar kroner på oversiktskartlegging av område der det kan vere fare for skred.

I revidert statsbudsjett for 2007 vart det løyvd ytterligare fem millionar kroner for å styrkje dette arbeidet.

Regjeringa foreslår i sitt framlegg til budsjett for 2008 at denne innsatsen skal førast vidare i 2008 med ein rammeauke på fem millionar kroner til NGU. Andre statlege verksemder kan også bli trekt inn i arbeidet.

Godt nøgd

- Vi er godt nøgd med denne ekstra løyvinga. Den gjer oss i stand til å vere offensive i oversiktskartlegging av skredfarlege område, seier administrerande direktør Morten Smelror i NGU. 

Arbeidet med å førebyggje skredulykker kan delast inn i fire fasar: oversiktskartlegging, detaljerte undersøkingar, risikovurderingar og sikrings- og overvakingstiltak. Ansvaret og arbeidsoppgåvene til NGU er avgrensa til oversiktskartlegging.

Når eit rasfarleg område er peikt ut, har den enkelte kommune ansvaret for å følgje opp arbeidet med detaljerte undersøkingar, risikovurderingar og eventuelle sikrings- og overvakingstiltak.